Resultat frå bremålingane i 2020

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland måler årleg frontendringane på nokre lokale brear.

Som ein del av eit nettverk med andre breinteresserte, hjelper vi NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat) med å overvake fleire brear. Frontendringane vert målt på 30 til 40 brear rundt omkring i landet.

Breane som Norsk Bremuseum har ansvar for er Vetle Supphellebreen i Fjærland og Haugabreen i Jølster. Fronten til Vetle Supphellebreen minka med 6 meter i høve året før og har totalt smelta 30 meter attende sidan 2011. Ved Haugabreen trakk fronten seg 8 meter attende, noko som betyr ein smelting på 84 meter sidan 2013.

Haugabreen i 2015 og i 2020. Bileta syner korleis meir fjell kjem til syne kring breen, sjå særleg området merka med raude ringar på kvart bilete. I tillegg veks det fram eit lite vatn framfor fronten.

NVE rapporterte hausten 2020 om at det var positiv massebalanse på fleire brear. Begrepet massebalanse seier noko om kor mykje snø breen får kvart år, kontra kor mykje is og snø som smeltar vekk. Dette kan samanliknast med eit rekneskap, kor ein har inntekter og utgifter. Året 2020 vart difor eit godt år for breane sitt rekneskap. Det vil seie at det kom mykje snø i akkumulasjonssesongen, som vanlegvis varar frå november til april. Temperaturane gjennom smeltesesongen, som typisk er frå mai til oktober, klarte i 2020 ikkje å tære tilstrekkeleg på snøen og isen på mange av breane til å skape eit underskot.

Om vi ser på endringane til breane over tid, viser tilbakegangen av frontane at det ikkje kjem nok snø til å dekke over underskotet. Dette er den langsiktige trenden for norske brear på 2000-talet.

Utviklinga til frontposisjonen på fem utvalde brearmar frå Jostedalsbreen i perioden 1899 - 2020. Nigardsbreen i Jostedalen har, til dømes, trekt seg attende nesten 3 kilometer på ca 120 år.

Forrige
Forrige

Norsk Bremuseum opnar 16. april

Neste
Neste

Norsk Bremuseum opnar for sesongen!