Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Nytt

Kva skjer? Her finn du siste nytt om aktuelle ting ved Norsk Bremuseum, om brear og klima, eller om lokale saker innan reiseliv og guiding.

Filtering by Tag: Norsk Bremuseum

Breane minkar i 2018

Pål Gran Kielland

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten målar frontposisjonen på to brear i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Målingane viser at dei trekk seg attende i 2018.

Fronten av Vetle Supphellebreen 11. oktober 2018.

Fronten av Vetle Supphellebreen 11. oktober 2018.

Frontposisjonsmålingar

Etter å ha rykka fram dei siste tre åra skulle Vetle Supphellebreen trekke seg attende i 2018. Resultatet vart -6 meter. Heilt sidan Norsk Bremuseum tok opp att målingane i 2011, så har breen heldt seg relativt stabil når det gjeld frontposisjonen. Breen vart også overvaka i perioden 1899-1944 og trakk seg då nesten 450 meter attende.

Haugabreen i byrjinga av oktober 2018.

Haugabreen i byrjinga av oktober 2018.

Den andre breen som får målt frontposisjonen er Haugabreen i Jølster. Den minka med 16 meter i 2018, og har totalt trekt seg 69 meter attende sidan vi starta å måle breen i 2013. I dei seinare åra har stadig meir vatn kome til syne kring fronten av breen. På sikt kan det bli vanskar med å koma seg tørrskodd opp på breen for dei som skal på brevandring.

Bøyabreen 1. oktober 2018.

Bøyabreen 1. oktober 2018.

I tillegg vert dei meir kjende brearmane, Bøyabreen og Store Supphellebreen, også overvaka ved at det vert teke bilete kvart år. Bresmeltinga gjer at frontposisjonsmålingar er vanskelege å gjennomføre, men fotografering av breane gjer at ein likevel kan dokumentere utviklinga deira.

Meir informasjon om frontposisjonmålingar og andre bremålingar, finst på NVE sine heimesider om bredata. Der kan du lesa at breane i Noreg minka kraftig i 2018, kor til dømes Engabreen i Nordland trakk seg heile 140 meter attende og Nigardsbreen smelta 81 meter.

Brear og klima

Den varme sommaren tæra hardt på Jostedalsbreens snø- og ismassar i 2018. Breane har, sidan framrykka på slutten av 1990-talet, i over 20 år trekt seg attende. Dette er ein del av den langsiktige trenden med minkande brear i eit stadig varmare klima. I fylgje Verdas Meteorologiorganisasjon (WMO) ligg 2018 an til å bli blant dei varmaste åra som nokon sinne er registrert på kloden sidan temperaturmålingane starta på midten av 1800-talet.

Breane er mellom anna vårt viktigaste vassreservoar. Heile 70 % av alt ferskvatnet på jorda er lagra i form av is, og breane utgjer såleis ei stabil vassforsyning til mange folk. Dessutan er breane rundt om i verda eit av våre beste klimaarkiv.

Rapport frå bremålingane i 2017

Pål Gran Kielland

Vetle Supphellebreen går mot trenden og rykkar fram i 2017, medan Haugabreen trekk seg attende.

Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

For oss breinteresserte er det alltid gode nyhende når ein bre veks og rykkar fram. Vetle Supphellebreen rykka fram for tredje året på rad, med snaue 2 meter i 2017. Vi byrja med frontposisjonsmålingar av breen i 2011 og breen viste attendetrekking dei fyrste åra. I måleperioden har breen totalt sett gått 4 meter fram, eller med andre ord heldt seg stabil. Eit overskot av snø i måleperioden kan forklare utviklinga til Vetle Supphellebreen. Ser vi på Meteorologisk Institutts vær- og klimadata så har målestasjonen som står ved Norsk Bremuseum totalt sett registrert nedbørsmengder over normalen i perioden 2011-2017. Store snømengder kan vera ein del av forklaringa på breen sitt framrykk dei seinare åra. Saman med faktorar som temperatur, breiddegrad, høgde over havet, terrenget (brattheit og solinnstråling) og nærleiken til havet (maritimitet) er nedbør ein del av eit komplisert samspel som fører til danning og endring av brear. Det er særleg forholdet mellom  vinternedbør og sommartemperatur som styrer breens balanse frå år til år.

Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Haugabreen sette personleg negativ rekord då den gjekk 18 meter attende i 2017. Sidan vi starta målingar på denne breen så har den minka med totalt 53 meter. Det er også her ein auke i nedbør når vi ser på vêrdata frå nærliggande målestasjonar, men nedbøren har tydelegvis ikkje vore nok til å bremse smeltinga. I tillegg må ein hugse på at breen sin reaksjonstid på endringar i  klima er forseinka. Sidan brear i all hovudsak er styrt av vinternedbør og sommartemperatur, vil endringar av desse klimaparameterane bli gjenspegla av breen. Mykje snø og/eller låg temperatur fører til av breane veks, medan lite snø og/eller høge temperaturar gjer at breane smeltar.

Frontendringane viser korleis lengda på breen endrar seg frå år til år, og er eit bilete på korleis brevolumet endrar seg over tid. Endringane ein kan sjå på ein brefront er ein forseinka reaksjon på endringar i massebalanse. Reaksjonstida til breane avheng mellom anna av lengd, brattleik og friksjonen mot underlaget. Kring Jostedalsbreen varierar reaksjonstida til utløparane stort sett mellom 3 og 30 år.

Elles sjå NVE sine heimesider for meir informasjon om breane våre.

Beste sesong på 20 år

Pål Gran Kielland

Denne sesongen har vi hatt 72.500 gjester innom dørene i museet. Dette gjer 2016 til den beste sesongen på 20 år. Vi har dei to siste åra hatt ein vekst på 37 prosent, det vil seie meir en 20.000 fleire gjestar.

Bilete frå feiringa av 25-års jubileet der H.K.H. Kronprins Haakon vitja oss.

Direktør John Brekke kan informere om at vi aukar spesielt mykje i den asiatiske marknaden i år.

Vi takkar alle som har vore hjå oss, samarbeida med oss og bidrege til ein flott sesong i 2016!

Sesongopning med ny design 1. april

Pål Gran Kielland

I vinter har vi fornya heile utstillinga i museet. Mellom anna med ein ny interaktiv utstilling om global oppvarming!

Frå og med 1. april kan du oppleve Norsk Bremuseum i ny drakt. Opningstidene er 10:00 - 16:00.

 

Vi har allereie tjuvstarta sesongen i påska med besøk av grupper, arrangement ved Fjærland Sogelag og ope for alle 1. påskedag.

Snøen ligg framleis på bakken rundt museet, noko som betyr at den pedagogiske leikeparken enno ikkje er heilt klar til bruk. Men med renovert og oppgradert hovudutstilling, med ny design og oppfriska fargar, samt filmen om Jostedalsbreen av Ivo Caprino og den fantastiske klimautstillinga, så ligg det til rette for eit spanande og lærerikt besøk hjå oss.

Velkomen til Norsk Bremuseum sesongen 2016!

PS: i år fyller vi 25 år.