Norsk Bremuseum
6848 Fjærland

Tel: +47 57 69 32 88
Mobil: +47 97 68 02 28
Fax: +47 57 69 32 87

E-mail: post@bre.museum.no

Facebook

Fjærlandsfjorden 13
Fjærland
Sogn og Fjordane

+47 57 69 32 88

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten, eit opplevingsmuseum om brear og klima for heile familien. Norsk Bremuseum ligg i Fjærland  i Sogndal kommune, og er eit offisielt Nasjonalparksenter for Jostedalsbreen.

Nytt

Kva skjer? Her finn du siste nytt om aktuelle ting ved Norsk Bremuseum, om brear og klima, eller om lokale saker innan reiseliv og guiding.

Filtering by Tag: Glacier Village

Rapport frå bremålingane i 2017

Pål Gran Kielland

Vetle Supphellebreen går mot trenden og rykkar fram i 2017, medan Haugabreen trekk seg attende.

Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

For oss breinteresserte er det alltid gode nyhende når ein bre veks og rykkar fram. Vetle Supphellebreen rykka fram for tredje året på rad, med snaue 2 meter i 2017. Vi byrja med frontposisjonsmålingar av breen i 2011 og breen viste attendetrekking dei fyrste åra. I måleperioden har breen totalt sett gått 4 meter fram, eller med andre ord heldt seg stabil. Eit overskot av snø i måleperioden kan forklare utviklinga til Vetle Supphellebreen. Ser vi på Meteorologisk Institutts vær- og klimadata så har målestasjonen som står ved Norsk Bremuseum totalt sett registrert nedbørsmengder over normalen i perioden 2011-2017. Store snømengder kan vera ein del av forklaringa på breen sitt framrykk dei seinare åra. Saman med faktorar som temperatur, breiddegrad, høgde over havet, terrenget (brattheit og solinnstråling) og nærleiken til havet (maritimitet) er nedbør ein del av eit komplisert samspel som fører til danning og endring av brear. Det er særleg forholdet mellom  vinternedbør og sommartemperatur som styrer breens balanse frå år til år.

Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Haugabreen sette personleg negativ rekord då den gjekk 18 meter attende i 2017. Sidan vi starta målingar på denne breen så har den minka med totalt 53 meter. Det er også her ein auke i nedbør når vi ser på vêrdata frå nærliggande målestasjonar, men nedbøren har tydelegvis ikkje vore nok til å bremse smeltinga. I tillegg må ein hugse på at breen sin reaksjonstid på endringar i  klima er forseinka. Sidan brear i all hovudsak er styrt av vinternedbør og sommartemperatur, vil endringar av desse klimaparameterane bli gjenspegla av breen. Mykje snø og/eller låg temperatur fører til av breane veks, medan lite snø og/eller høge temperaturar gjer at breane smeltar.

Frontendringane viser korleis lengda på breen endrar seg frå år til år, og er eit bilete på korleis brevolumet endrar seg over tid. Endringane ein kan sjå på ein brefront er ein forseinka reaksjon på endringar i massebalanse. Reaksjonstida til breane avheng mellom anna av lengd, brattleik og friksjonen mot underlaget. Kring Jostedalsbreen varierar reaksjonstida til utløparane stort sett mellom 3 og 30 år.

Elles sjå NVE sine heimesider for meir informasjon om breane våre.

Bokbymammut i Fjærland

Pål Gran Kielland

Helga 26.-27.august er det mammutsal i Bokbyen. Her er mange nyinnkomne bøker, og det er halv pris på dei aller fleste bøkene denne helga. Ta gjerne med barna - to fine barneavdelingar! 

Foto: Gaute D. Bøyum.

Foto: Gaute D. Bøyum.

Nyt utsikta frå det nye torget i Mundal, midt i Bokbyen.  Kombinér med tur til Norsk Bremuseum, Bøyabreen eller tur til ein av dei 12 trimpostane i Fjærland. Bok-kafeen og hotell-kafeane er opne.

Butikkane er opne kl 10-16 (Straumsvågs antikvariat 10-18)
 
Kontakt gjerne Bokbyen på tlf. 57 69 22 10 eller post@bokbyen.no
Følg Bokbyen på facebook.com/bokbyen.
 
 
Velkomen til ei triveleg helg i Fjærland!

Bokbyen feirar 20 år

Pål Gran Kielland

Bokbyen har 20 års-jubileum i 2016 og det skal feirast. Dei lagar ein ny vri på Boknatta i år og flytter arrangementet til det nye torget inne i Mundal, midt i mellom Hotel Mundal og Fjærland Fjordstove Hotell. Mykje av kulturprogrammet vil gå føre seg inne på hotella, så ein kan varme seg litt i løpet av kvelden. Marknaden opnar kl.16. Bokbutikkane opnar kl.10 og held ope utover heile kvelden.

KVELDEN FØR BOKNATTA, FREDAG 24.JUNI
Kl. 21.30: Tove Bakke: Lorca. Pubkveld med spansk stemning på Fjordstova.

BOKNATTA, LAURDAG 25.JUNI
Kl. 13: Markering av 20-års jubileet til Bokbyen på Hotel Mundal. Kanapear og sprudlevatn. Talar og kåseri ved Ragnar Hovland, Arne Ivar Kjerland og Laura Kvamme.

Kl. 16: Opning av Boknatta ved Simone Stibbe. Bodane opnar.

Kl. 17: Reiser og relasjonar: Litterær samtale med Hilde Kvalvaag og Brynjulf Jung Tjønn. Møt to forfattarar som på finaste vis skildrar oss så nært ein kan komme. Med reisa som motiv og relasjonane som tema skriv dei begge slik at det angår lesaren, om lengselsen etter å høyre til og bli elska, om frykta for tap og einsemd. Men alltid med håpet som drivkraft. Begge har vunne Brageprisen og dei skriv både for barn og vaksne. Begge er inspirerte av musikk og inviterer publikum til å lytte til lydspor frå skrivinga undervegs i samtalen som vert leia av Janne Karin Støylen. Hotel Mundal.

Kl. 18: Barneprogram på torget i Mundal: Klare sjøl. Matlaging i det fri med Ann Iren Ulvedal, Anne Britt Sårheim og Reidunn Otterdal etter oppskriftar frå boka, Klare sjøl.

Kl. 19: Ove Røsbak og Henning Sommerro. Dei to har samarbeida sidan tidleg på 80-tallet. Dei har skrive fleire sanger saman og i 2004 vart CD’en «Himmelhaik» utgjeve, der Røsbak les og synger og Sommerro står for musikken saman med saksofonisten John Pål Inderberg. Sommerro og Røsbak har ein ellevill og laussluppen stil på scena, bygd på improvisasjon og glimt i auget. Stemningane skifter med lynets hastigheit, og kan plutseleg gli over i både vemodig lyrisk og frodig vakkert. Røsbak vil i Bokbyen Fjærland lese og synge ting av Børli, Prøysen og seg sjøl, og Henning Sommerro vil framføre songer av Hyldbakk, Hoem og Røsbak som han sjølv har tonesett.
Fjærland kyrkje.

Kl. 20.30: Johs. B. Thue: Fortel frå ny bok, Gryta i fjorden – Om heimefiske og ulike fiskerettar i fjordane våre. Fjærland Fjordstove Hotell.

Kl. 22: Konsert: Billa and the Kid. Torget.

TORGSTEMNING MED FRIDTJOV URDAL, EIVIND ØDEGÅRD M.FL. I LØPET AV KVELDEN.

Sal av mat og drikke på torget og Kaffistova. Alle arrangementa er opne for alle.

VELKOMEN TIL BOKMARKNAD OG FOLKELIV!
For tinging av salsbod ring tlf.57692210 eller post@bokbyen.no.

 

Sesongopning med ny design 1. april

Pål Gran Kielland

I vinter har vi fornya heile utstillinga i museet. Mellom anna med ein ny interaktiv utstilling om global oppvarming!

Frå og med 1. april kan du oppleve Norsk Bremuseum i ny drakt. Opningstidene er 10:00 - 16:00.

 

Vi har allereie tjuvstarta sesongen i påska med besøk av grupper, arrangement ved Fjærland Sogelag og ope for alle 1. påskedag.

Snøen ligg framleis på bakken rundt museet, noko som betyr at den pedagogiske leikeparken enno ikkje er heilt klar til bruk. Men med renovert og oppgradert hovudutstilling, med ny design og oppfriska fargar, samt filmen om Jostedalsbreen av Ivo Caprino og den fantastiske klimautstillinga, så ligg det til rette for eit spanande og lærerikt besøk hjå oss.

Velkomen til Norsk Bremuseum sesongen 2016!

PS: i år fyller vi 25 år.