Rapport frå bremålingane i 2017

Vetle Supphellebreen går mot trenden og rykkar fram i 2017, medan Haugabreen trekk seg attende.

Ved fronten av Vetle Supphellebreen i byrjinga av november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

For oss breinteresserte er det alltid gode nyhende når ein bre veks og rykkar fram. Vetle Supphellebreen rykka fram for tredje året på rad, med snaue 2 meter i 2017. Vi byrja med frontposisjonsmålingar av breen i 2011 og breen viste attendetrekking dei fyrste åra. I måleperioden har breen totalt sett gått 4 meter fram, eller med andre ord heldt seg stabil. Eit overskot av snø i måleperioden kan forklare utviklinga til Vetle Supphellebreen. Ser vi på Meteorologisk Institutts vær- og klimadata så har målestasjonen som står ved Norsk Bremuseum totalt sett registrert nedbørsmengder over normalen i perioden 2011-2017. Store snømengder kan vera ein del av forklaringa på breen sitt framrykk dei seinare åra. Saman med faktorar som temperatur, breiddegrad, høgde over havet, terrenget (brattheit og solinnstråling) og nærleiken til havet (maritimitet) er nedbør ein del av eit komplisert samspel som fører til danning og endring av brear. Det er særleg forholdet mellom  vinternedbør og sommartemperatur som styrer breens balanse frå år til år.

Haugabreen etter ferskt snøfall i november 2017. Foto: Pål Gran Kielland.

Haugabreen sette personleg negativ rekord då den gjekk 18 meter attende i 2017. Sidan vi starta målingar på denne breen så har den minka med totalt 53 meter. Det er også her ein auke i nedbør når vi ser på vêrdata frå nærliggande målestasjonar, men nedbøren har tydelegvis ikkje vore nok til å bremse smeltinga. I tillegg må ein hugse på at breen sin reaksjonstid på endringar i  klima er forseinka. Sidan brear i all hovudsak er styrt av vinternedbør og sommartemperatur, vil endringar av desse klimaparameterane bli gjenspegla av breen. Mykje snø og/eller låg temperatur fører til av breane veks, medan lite snø og/eller høge temperaturar gjer at breane smeltar.

Frontendringane viser korleis lengda på breen endrar seg frå år til år, og er eit bilete på korleis brevolumet endrar seg over tid. Endringane ein kan sjå på ein brefront er ein forseinka reaksjon på endringar i massebalanse. Reaksjonstida til breane avheng mellom anna av lengd, brattleik og friksjonen mot underlaget. Kring Jostedalsbreen varierar reaksjonstida til utløparane stort sett mellom 3 og 30 år.

Elles sjå NVE sine heimesider for meir informasjon om breane våre.

Forrige
Forrige

Julehelsing

Neste
Neste

Siste helg med ope musuem i 2017