Breane held fram med å trekke seg attende

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland måler årleg frontendringane på nokre brear i nêrområdet.

Haugabreen i Jølster trakk seg 6 meter attende, medan Vetle Supphellebreen minka med 22 meter. Bretungane har også smelta ein god del langs sidene og totalt sett blitt tunnare dei siste åra. Dette kan ein til dømes tydeleg sjå ut frå bilete av Haugabreen i 2015 og 2019.

Haugabreen i 2015 til venstre og i 2019 til høgre.

Det er litt vemodig å halde fram med formidling om desse breane som år etter år går attende og minkar i storleik. Temperaturen gjennom smeltesesongen aukar og normalt sett store snømengder om vinteren er ikkje nok for å kompensere massetapet frå breane.

Bremseltinga har konsekvensar det er viktig å rette fokus mot. Breane gjev oss stabil vassforsyning til fornybar kraftproduksjon og til vatning i jordbruket, dei er trekkplaster for reiselivet, dei er i seg sjølv nokre naturlege meisterverk som gjev kvalitetar med å bu i distrikta og dei kan gje oss masse informasjon om tidlegare klima. Andre stader i verda er breane viktige som vasskjelder til både drikkevatn og jordbruk, og med dårleg nytt for breane er dette dårleg nytt for menneska som er avhengige av breane.

Kanskje vert fleire av naturen sine store underverk, noko breane i høgaste grad er, kraftig endra eller til og med borte i løpet av nokre generasjonar. Vi som kan sjå og oppleve breane i dag er tidsvitner til endringar som er store og ikkje minst raske i eit geologisk perspektiv. Det er farten til endringane som er så skremmande, og det er global oppvarming grunna menneskeskapte utslepp av drivhusgassar og store arealendringar som er pådrivarane for desse endringane.

Norsk Bremuseum målte tidlegare også Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland. Desse vert no fotograferte og det er tydelege endringar som kan fangast med fotoapparat.


Bøyabreen i 1997 og 2019.

Det er klart at desse to breane har vore viktige ikon for reiselivet i over 150 år i Fjærland. Turistar kom langvegs frå for å sjå og oppleve den magiske isen. Landskapet i seg sjølv med fjorden og fjella er jo fantastisk og utan sidestykke, og med breane har det høg internasjonal kvalitet. Men utan breane så kan eit viktig naturelement bli borte. Dette er noko som vedgår oss alle, anten vi er turistar eller lokalbefolkning. Med det meinar eg at vi alle bidreg i drivhusgassutslepp og arealendringar på kloden, gjennom vår levemåte med mykje reising og forbruk. Vi som jobbar hjå Norsk Bremuseum og med denne formidlinga opplever at mange av våre besøkande er opptekne av å redusere utslepp og leva meir berekraftig. Kor mange klimatoppmøter i FN skal til for å faktisk snu trenden, og er dette mogleg?

Forrige
Forrige

Norsk Bremuseum er eit Miljøfyrtårn

Neste
Neste

Ledig stilling som direktør ved Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten